Byllepest i Libya

Det er i følgje BBC rapportert om utbrot av byllepest i Tubruq i Libya (der mange slag stod under andre verdskrig), nær den egyptiske grensa. Ein person skal vere død med to andre skal ha fått behandling og dinest sendt heim. 10 andre personar hadde ikkje byllepest slik ein tidlegare hadde frykta. Verdas helseorganisasjon (WHO) har sendt ein ekspert til Libya for å sjå nærmare på utbrotet. Byllepest er enklare å handtere i dag enn då den tok namnet Svartedauden midt på 1300-talet. Dersom ein diagnostisera pesten tidleg, kan den bli behandla med antibiotika. Byllepest er visstnok framleis vanleg i sør for Sahara og har òg vore rapportert i nokre asiatiske land i tillegg til USA. Utbrotet i Libya er det første på 25 år dersom det blir stadfesta.

Saudi Smooth Criminal Dance

Radioselskapet og Abdullah II