Med november kom regnet og kulda

Med himmelen full av skumle skyer kom det første skikkelege regnet for om lag ei veke sidan og i går hølja det kraftig ned heile dagen. Småstore elver fossa ned dei mange bilbakkane i Amman og eg vurderte sterkt å kjøpe meg ein paraply. Denne veka tok eg òg i bruk tjukkelabbar, jakke og gassdriven varmeomn for første gong. Politiet i gatene har fått på seg vinterjakkene og heim frå arbeid i dag pusta eg frostrøyk. Lufta var kald og frisk, men med eit sterkt hint av eksos. Hovudstaden har den siste veka gått over frå sol og kakifargar til skyer og gråtonar. I landet som er blant dei ti mest vassfattige landa i verda ser ein meir positivt på regn enn det ein som oftast gjer heime i regnvåte Noreg. Sjølv om kulda kom varma regnet hjarta til ein god del jordanske bønder.

What happened if you unsuccessfully tried to run away from slavery

A letter from Mr. Balfour