Grenser i det grenselause

Grenser i det grenselause er masteravhandlinga mi i historie ved Universitetet i Bergen våren 2009.

Avhandlinga omhandlar opprettinga av grensene mellom Transjordan og det som seinare blir til Saudi-Arabia (Nejd og Hijaz) og fokuserar i hovudsak på perioden 1921–1925. Det var i denne perioden hovudtrekka til grensene vart forma, men det er ikkje før i 1965 dei store problema med grensene vart løyst. Grenseavtalen av 1965 vart av Richard Schofield, ein historisk geograf, kalla «the most imaginative territorial settlement yet concluded within the Arabian peninsula/Gulf region». Denne prosessen tok derimot over 40 år og er ein av dei meir ukjende/gløymde grensekonfliktene i Midtausten.

Formingsåra 1921–1925 tar føre seg eit slags samspel mellom Transjordan (kong Abdullah), Nejd (sultan Ibn Saud og wahhabirørsla), Hijaz (kong/sharif Hussein og kong Ali) og til slutt Storbritannia og dei forskjellige britiske departementa (WO, FO, IO og CO).

Boundaries in the boundless

This is my master thesis on the establishment of borders between Transjordan and the future Saudi Arabia. The thesis focuses on the period 1921–1925.

The thesis is written in Norwegian, but if you are interested there is a short (and very hastily written) English summary. Most of the quotes are also in English.