Basilikaen under fjellet

Eit stykke utanfor Madrid ligg Valle de los Caídos, Dalen til dei falne, som skal minne dei som fall under den spanske borgarkrigen (1936–39). Her står det ein enorm kross, som skal vere ein av dei høgaste i verda, og under denne er ein krossforma basilika hogd inn i fjellet: Basílica de la Santa Cruz del Valle de los Caídos.

Det skal ha tatt 19 år og mange liv for å bygge, og sidan det er diktatoren Francisco Franco sjølv som tinga bygget, er det er ein del kontrovers rundt det meste. Franco er sjølv gravlagd her, men visstnok mot sin eigen vilje.

Videoen er frå ein tur til Madrid i oktober 2013. På veg ut av basilikaen byrja eit kor å synge, noko som skapte ei noko uhyggeleg stemning.

Bergensnatt frå Ulriken